Meny Innhold
DU ER HER: Misjonsalliansen.no > Her jobber vi > Filippinene > Fattigdomen auker på Filippinene
Du trenger Adobe Flash Player for å se dette innholdet.
Get Adobe Flash Player
Denne jenta smiler til tross for fattigdomen ho lever i. FOTO: CAMILLA GARCIA DE PRESNO

Fattigdomen auker på Filippinene

Dei siste ti åra har antall fattige auka og rike har blitt rikare, visar nasjonal statistikk.

Bookmark and Share

BLOMSTRANDE ØKONOMI

Under presient Gloria Macapagal-Arroyos styre dei ni siste åra har økonomien blomstra. Dette viser seg med eit gjennomsnitt på 4,4 % auke i bruttonasjonalproduktet i landet.

Desverre har ikkje desse midlane kome dei fattige til gode, men dei allereie rike familiane og firma deira. Dette viser tal frå Nasjonal Statistikk Koordinasjons styre.

HUNGER

Det er dobbelt så mange som svelt i forhald til i 2000. Svelten, som var på 11 prosent for ti år sidan, er no på 20 prosent.  Talet på familiar på fem som lever med 100 kr månaden, var 25 millionar i 2001. I 2006 var talet oppe i 27 millionar familiar. 74 prosent av dei fattige bur på landsbygda.

Finansrådgjevaren til president Gloria, Joey Salceda, hevdar dette i ei av landets største aviser, Philippine Daily Inquirer. Han hevder også at dersom økonomien fortset å auke med samme prosent, så vil det ta 37 år før alle er fri frå fattigdomskloa.

MEIR UVER OG FOLK 

Sjølvsagt er voldsame syklonar dei siste åra og utelatte og oversvømte avlingar ein faktor i bildet. Det er mangel på straumforsyning og tørke. Folkeauken har vore enorm siste åra, og i dag er dei meir enn 92 millionar menneske i øystaten. Det er mange å gje arbeid og mange munnar å mette. Den katolske kyrkja står sterkt i landet og har køyrt hardt mot undervisning om befruktning og prevensjon i skulen. No er desse tema inkludert i pensum på grunnskulenivå og vil forhåpentlegvis hjelpe til ein saktare befolkningsauke.

RIKE BLIR RIKARE 

I følge Joey Salceda har dei 1000 rikaste firma hatt ei årleg inntektsauke på 21 prosent medan Gloria har vore president.  Kun 1/3 av desse verdiane vart reinvestert, resten har gått i lomma. Det er riktig at det har vore økonomisk blomstring i landet.  I dei siste åra har vi observert fleire større og dyre bilar, mykje husbygging og nye private flotte vegar. Landet går framover, for nokre.

PRESIDENTVAL  

I mai skal filippinerane velge ny president. Gloria Macapagal-Arroyo har sitte i to omgangar og kan ikkje stille til gjenvalg. Denne gongen er det åtte presidentkandidatar med viserpresident, berre menn. Dei fleste har ikkje reint mjøl i posen, og fleire av kandidatane har det vore korrupsjonsskandalar og rettsaker rundt.

 

 

Publisert: 09.03.2010

Engasjér deg

Du trenger Adobe Flash Player for å se dette innholdet.
Get Adobe Flash Player