Meny Innhold
DU ER HER: Misjonsalliansen.no > Her jobber vi > Filippinene > Til kamp mot seksuelle overgrep
Du trenger Adobe Flash Player for å se dette innholdet.
Get Adobe Flash Player
Pastor og frivillige ledarar var fornøgde med seminaret. FOTO: CAMILLA GARCIA DE PRESNO

Til kamp mot seksuelle overgrep

- Dette er svært nyttig, seier Pastor Joel Lombos, ein av pastorane som har fått opplæring av Misjonsalliansen i korleis takle seksuelle overgrep blant barna i menigheten sin.

Bookmark and Share Pastor Edith frå Marikina presenterer sitt barnevennlege drømmesamfunn. FOTO: CAMILLA GARCIA DE PRESNO Frivillige leiarar øver seg på samtale om seksuelle overgrep. FOTO: CAMILLA GARCIA DE PRESNO

EIT STORT PROBLEM

- Mange familiar i nabolaget vårt har problem med vald, omsorgssvikt og seksuelle overgrep, fortel pastoren, som også driv skule. – Eg ønsker at elevane på skulen min skal lære meir om seksualitet, overgrep og deira rettar som barn. Dette vil eg ta inn i verdifaget på skulen, seier pastoren.

- Filippinane med 92 millionar innbyggarar har kun 8000 rapporterte seksuelle overgrep i året. Her gøymer det seg store mørketal, seier Lorena Leyson, Misjonsalliansen sin ansvarlege i barnevernkomiteen. – Ein faktor er også at når eit barn tidlegare har rapportert inn saka til politiet eller sosialetaten, så må dei stå for at overgrepsmannen, ofte i nær familie, blir fengsla på livstid. Kva barn er det som klarar å vere skuld i å sette sin eigen far i fengsel for livstid? spør ho.

Heldigvis er lovane endra. I dag er det ikkje berre barnet og mor som kan melde eit overgrep, men også andre som kjenner barnet, som lærar, pastor osv. Og staten vil fortsette granskinga av saka sjølv om barnet og familien skulle trekke tilbake anklaga.

I løpet av det siste året har også seksualitet og overgrep blitt ein del av pensum på skulen, og på den måten vil ein kunne forebygge overgrep.

IVRIGE FRIVILLIGE

40 frivillige leiarar for Misjonsalliansen i Manila deltok ivrig på seminaret. Dei slukte all informasjon, dei øvde seg på korleis snakke med eit barn som opnar seg, kvar dei skal søke om hjelp osb. No sit dei med kunnskap om kva seksuelle overgrep er, kven som er overgriparen, kvifor overgrep skjer og korleis hjelpe. Mange av dei hadde historier frå nabolag og frå eigne familiar. – Det er veldig viktig for oss å lære meir om seksuelle overgrep og kva det gjer med barn. Vi er signifikante andre som kan hjelpe desse barna eit stykke på vegen, seier Teresa Cavepe frå Marikina.

Deltakarane ønsker å ta med seg lærdomen heim og dele den med andre frivillige, bygge seg eit nettverk dei kan bruke når saker oppstår og undervise ungdom i nærmiljøet, i kyrkjene og på leirar om seksuelle overgrep.

BARNEVERNSKOMITÉ

Misjonsalliansen på Filippinane har ein eigen komité som fokuserer på tema som barn sin rett til vern frå overgrep av ymse slag. Ein del av oppgåva til komiteen er å sørge for at tilsette, frivillige og samarbeidspartnarar blir skolerte i tema. Vi har også ein eigen Child Protection Policy, eit regelverk for kva vi tillet og ikkje tillet som partnar eller tilsett ved Misjonsalliansen.

Publisert: 06.04.2010 Sist endret: 08.04.2010

Engasjér deg

Du trenger Adobe Flash Player for å se dette innholdet.
Get Adobe Flash Player